Kven er me?
Me er eit gammeldans orkester frå Jæren/Rogaland med 11 medlemmer, 8 stk på trekkspel, 1 stk sang/trekkspel og 2 stk gitar og bass. Agnes Varhaug Siqveland prøve å halda orden på okke musikalsk (ikkje alltid lika lett). Klubben vart danna i 2002, etter kurs med Rita Fotland. Me er ein glad gjeng som speler til dans, bryllaup, foreiningar, eldresenter og allsang. Klikk her for å se bilder
Jærbelgen Trekkspelklubb har spelt inn 2 cd`er Midt i lemmingjå og Vårnatt i Bjørndalen.
2012 har me 10 års jubileum
I den forbindelse spele me inn ny CD. Satse på at den er ferdig i høst !!
Jubileumstur
Me meldte okke på tur med Sverre Haga as til Danmark og Hansi Hinterseer konsert i Aalborg. Ein fantastisk flott tur med gode venner og fans av Jærbelgen, mange gode minner har me etter den turen. Ein kjekk sjåfør hadde me som ordna opp då me ikkje rakk ferjå pga ei ulykke, men han fekk okke inn på hotell i Kr.sand og til Danmark neste dag. God stemmning var det heile turen til endes, med tyroler musikk på konserten og me sørga for musikk til allsang og dans på hotellet!
Me jobbe med å få til Jærtreffen i idrettshallen på Varhaug 21-23 september, dette skjer i samarbeid med Varhaug idrettslag. Der er det romsligt og godt for campingvogner og bobiler, ellers verte nermaste hotell på Bryne.
Styret i Jærbelgen
- Leiar og sekretær: Irene Helleland (ihellela@hotmail.no)
- Kasserar: Sølvi Elin Solås (ses.1980@hotmail.com)
- Styremedlem: Niels Schjoldager (nils.schjoldager@lyse.net)
- Varamedlem: Kurt Ask
Kontaktaddresse:
Irene Helleland (ihellela@hotmail.no)Ueland 160
4360 Varhaug
Telefon: 51432926
Mobil: 90769422
Linker
- Norske Trekkspilleres Landsforbund - Rogaland (http://www.trekkspillforbundet.no/rogaland)
- Sauda Trekkspillklubb (http://home.c2i.net/steinen/satrkl/)